Tur 905 Fellestur Klovdalstjødno-Gapahuk-Surefjell den 21.03.2024.

I alt møtte det opp 46 turdeltakarar denne dagen.

31 av desse gjekk turen sørover frå Øvrebygda skule i retning mot Svartasmoget.

Bilane blei parkerte ikkje langt frå  Øvrebygda skule. Turen gjekk på skogsveg sørover med stigning frå 37 til 150 moh.  På turen oppover gjekk me forbi 4H gapahuken, som ligg på austsida av Klovadalsstjørna. Vidare gjekk me på vestsida av Osphovdetjørna fram til Osphovda, også kalla «flasko», som er eit vanleg turmål for folk i Øvrebygda. Der har Øvrebygda Vel sett opp kasse med turbok i. På turen vidare opp mot det høgaste punktet på skogsvegen (150 moh), passerte me staden der stien til Surefjell tar av frå skogsvegen. På toppen var me ca. 2-300 m frå Svartasmoget, og hadde utsikt mot Rubbestadneset. Me snudde på toppen av skogsvegen, og gjekk same vegen tilbake til bilane. På veg nedover tok me matpausen i 4H gapahuken, som me hadde gått forbi på veg oppover.

Kartutsnitt som viser heile turtraseen. Total turlengde: Ca. 5 km.
Foto: Sigmund Erland.
Bilane blei parkerte på ein plass nær Øvrebygda skule.
Foto: Sigmund Erland.
Turleiarar var Toralf Røen og Kjell Vestrheim. Her orienterer dei om turen me skal gå.
Foto: Sigmund Erland.
Samling framfor 4H gapahuken på veg oppover.
Foto: Sigmund Erland.
Utsikt mot Klovadalstjørna frå 4H gapahuken.
Foto: Sigmund Erland.
To av deltakarane i Stord Gutta På Tur. Foto: Jakob Thormodsæter.
Her passerer me Osphovdetjørna på veg oppover.
Foto: Sigmund Erland.
Turleiar Toralf Røen orienterer ved turmålet «Flasko». Foto mottatt frå: Jakob Thormodsæter.
Turmålet Osphovda («Flasko») der Øvrebygda Vel har sett opp kasse med turbok i.
Foto: Sigmund Erland
Kartutsnitt som viser turmålet Osphovda («Flasko») som blir benytta av mange i Øvrebygda.
Foto: Sigmund Erland.
Her tar stien opp til Surefjell (183 moh) av frå skogsvegen me gjekk på. Berre ein av turdeltakarane gjekk til toppen av Surefjell.
Foto: Sigmund Erland.
Utsikt mot Rubbestadneset frå toppen av skogsvegen.
Foto: Sigmund Erland.
Bilde tatt på toppen av skogsvegen.
Foto: Jakob Thormodsæter.
Tilbaketuren har starta.
Foto: Jakob Thormodsæter.
Matpause i 4H gapahuken.
Foto: Jakob Thormodsæter.
Matpause i 4H gapahuken.
Foto: Jakob Thormodsæter.

-o-o-o-

Det var 15 turdeltakarar som gjekk alternativ tur i Hustrudalen.

Bildet er tatt i gapahuken i Hustrudalen.
Foto: Oddvar Clausen.

Dugnad ved Djupedalen den 19.03.2024.

Dugnaden gjekk ut på å fjerna ei gammal og dårleg klopp, og erstatta den med ei ny klopp.

Harry Vorland og Arne Haugland hadde med seg materialer og verktøy til jobben som skulle gjerast.

Dugnadsgjengen denne dagen var Arne Haugland, Harry Vorland, Roald Henriksen og Sigmund Erland.

Kartutsnitt som viser dugnadsstad. Foto: Sigmund Erland.

Gammal klopp som blei fjerna.
Foto: Arne Haugland
Harry har starta på jobben.
Foto: Arne Haugland.
Plankar blir lagt på plass.
Foto: Arne Haugland.
Ny klopp ferdig laga.
Foto: Arne Haugland.
Ny klopp.
Foto: Sigmund Erland.
Ein kopp kaffi etter utført jobb.
Foto: Arne Haugland.

Tur 904 Skytebane Litlabø (Isdal)-Ulvatjødno-Hytte-Skytebane den 14.03.2024

I alt møtte det opp 44 turdeltakarar denne dagen.

32 stk. gjekk turen frå Isdal skytebane, rundt Ulvatjødno, og tilbake til Isdal skytebane.

Turen starta og slutta på parkeringsplassen ved Isdal skytebane. Me gjekk først til Ulvatjødno. Deretter eit stykke i retning mot Øvre Økland, og så tilbake igjen forbi Hjartåsen til Isdal Skytebane. Viser til kartutsnitt med inntegna turtrase nedanfor.

Turttraseen er teikna inn med blå strek på kartutsnittet.


Turleiar John Førland. Foto: Jakob Thormodsæter.
GPT-medlem Egil Isdal, som var med på turen, stilte sin private karusell til disposisjon for dei ungdommelege turdeltakarane. Foto: Jakob Thormodsæter.
Her var nedslaget for tidlegare 600 m skytebane. Foto: Sigmund Erland.
Me gjekk frå Ulvatjødno mot Øvre Økland. Foto: Jakob Thormodsæter.
Nokon hadde flytta dette bordet heilt ned i Ulvatjødno. Nokre av turdeltakarane flytta det tilbake til der det stod før. Foto: Jakob Thormodsæter.
Ulvatjødno. Foto: Jakob Thormodsæter.
Me passerte dette skiltet. Foto: Jakob Thormodsæter.
Denne hytta tilhøyrer ein grunneigar på Øvre Økland. Foto: Jakob Thormodsæter.
Me hadde matpause ved hytta. Foto: Sigmund Erland
Her går me på den gamle vegen til Isdal skytebane. Foto: Sigmund Erland
Me gjekk forbi eit fint hus på slutten av turen. Foto: Jakob Thormodsæter.

-o-o-o-

Det var 12 stk. som gjekk alternativ tur frå Møllebrua til gapahuken i Stuvvika, og tilbake igjen.

Gapahuken i Stuvvika.
Ved gapahuken i Stuvvika.